torsdag 2. januar 2014

Godt nytt boligår!

Då er år 2013 over og vi er komt i år 2014. Håper og trur at dette året skal bli eit spennande år både med tanke på jobb og bolig. Vi kan no begynne for alvor å planlegge korleis vi vil ha leiligheta vår, for det blir mest trulig byggestart i løp av januar månad.

Så i kveld koser eg meg med ein kopp te, mandariner og to boligblader. For i kveld er det farger på veggane som står i fokus.
Veldig usikker på kva farge som passa best på soverommet. Tenker litt på ein varm/gyllen brun eller ein litt meir kald/dyster grå. Vanskelig å bestemme seg.

Gjekk ein tur bortom tomta for å sjå, bilder nedanfor. Ser ut til at dei skal rive det blå bygget og bygge der. Synes det er vanskeleg å sjå for seg korleis det blir, så gleda meg til byggestart og sjå utviklinga.



Tomta, der det blå bygget står.


Alle bilder i dette innlegget er tatt av meg.


-A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar