Då er dei endeleg starta med å klargjer tomta for bygging av vår første leilighet ;-) Det blir ei spennande tid framover og mykje som skal bestemmast. Tankane og ideane har lenge surra rundt, men no føle eg at vi snart må begynne å bestemme oss... Er så redd for at vi ikkje skal klare å bli einige og sidan eg er svært ubesluttsom så klara eg sikkert ikkje bestemme meg for nokke før eg absolutt må.... Det er meg i eit nøtteskall! :-P
I går var eg og min sambuar C innom ein flisebutikk for å finne inspirasjon og sjå flisene med eigne auge. Var nesten litt formykje å velge mellom. Følte og at vi muligens har ein dyr smak...Men får håpe at vi finne ut av det iallefall. Min sambuar ønska mørke fargar og eg er vel kanskje litt meir for lyst. Men trur vi har funnet eit kompromiss om at vi skal prøve å mikse litt mellom lyse og mørke fargar slik at vi begge skal bli fornøyde :-)
Fekk med fleire inspirasjon katalogar som vi sitter å ser i kvar kveld :-)
Om dokke har gode råd eller erfaringar så setter vi pris på om dokke vil dele dei med oss :-)