torsdag 23. januar 2014

Endeleg starta

Då er dei endeleg starta med å klargjer tomta for bygging av vår første leilighet ;-) Det blir ei spennande tid framover og mykje som skal bestemmast. Tankane og ideane har lenge surra rundt, men no føle eg at vi snart må begynne å bestemme oss... Er så redd for at vi ikkje skal klare å bli einige og sidan eg er svært ubesluttsom så klara eg sikkert ikkje bestemme meg for nokke før eg absolutt må.... Det er meg i eit nøtteskall! :-P

I går var eg og min sambuar C innom ein flisebutikk for å finne inspirasjon og sjå flisene med eigne auge. Var nesten litt formykje å velge mellom. Følte og at vi muligens har ein dyr smak...Men får håpe at vi finne ut av det iallefall. Min sambuar ønska mørke fargar og eg er vel kanskje litt meir for lyst. Men trur vi har funnet eit kompromiss om at vi skal prøve å mikse litt mellom lyse og mørke fargar slik at vi begge skal bli fornøyde :-)

Fekk med fleire inspirasjon katalogar som vi sitter å ser i kvar kveld :-)
Om dokke har gode råd eller erfaringar så setter vi pris på om dokke vil dele dei med oss :-)

torsdag 2. januar 2014

Godt nytt boligår!

Då er år 2013 over og vi er komt i år 2014. Håper og trur at dette året skal bli eit spennande år både med tanke på jobb og bolig. Vi kan no begynne for alvor å planlegge korleis vi vil ha leiligheta vår, for det blir mest trulig byggestart i løp av januar månad.

Så i kveld koser eg meg med ein kopp te, mandariner og to boligblader. For i kveld er det farger på veggane som står i fokus.
Veldig usikker på kva farge som passa best på soverommet. Tenker litt på ein varm/gyllen brun eller ein litt meir kald/dyster grå. Vanskelig å bestemme seg.

Gjekk ein tur bortom tomta for å sjå, bilder nedanfor. Ser ut til at dei skal rive det blå bygget og bygge der. Synes det er vanskeleg å sjå for seg korleis det blir, så gleda meg til byggestart og sjå utviklinga.



Tomta, der det blå bygget står.


Alle bilder i dette innlegget er tatt av meg.


-A

tirsdag 10. desember 2013

Inspirasjon bad

HJELP! Trudde ikkje det skulle bli så vanskelig! Før vi hadde kjøpt hadde eg klare meininga om korleis alt skulle sjå ut, men har ikkje det no lengre.

Det er vanskeleg å bestemme seg for fargar og finne ut korleis man vil ha badet. 
Skal ein velge mørke eller lyse fliser? 1 farge, 2 farga, 3 farga...osv? Firkanta, avlange, små, store, blanding? 


 Her er noko av inspirasjonen vi fant på internett (alle bilder funnet på google).
Mosaikk fliser. 

Firkanta fliser.

Avlange 

Blanding

Er mangen spørsmål som dukka opp som forsatt er vanskelig å besvare.
Så då er det berre å google for å få idèer og inspirasjon til å finne sin eigen stil. 
Og det store spørsmålet er om eg og min sambuar blir einige! :-)

- A

torsdag 5. desember 2013

Kjøkken planlegging

Då er kontrakta signert og vi kan begynne å planlegge kjøkken, bad, farger, innredning, interiør.....




Boligpermen er komt i hus, og HTH sine kjøkkenkataloger skal studerast :-)
Etter å sett etter inspirasjon på nettet vart eg berre meir forvirra og usikker på kva vi har lyst å ha.

Lyst kjøkken. (bilde funnet på google)
Innredning i tre. (bildet funnet på google)
Svart kjøkken. (bilde funnet på google)
Vil vi ha innredning i tre, lys farge, mørk farge, blanding? 
Har dokke nokre gode tips? 

-A

mandag 2. desember 2013

Førstegongskjøparar

Hurra! 

Etter mykje fram og tilbake i løp av 2 år har endelig det vi trudde var umulig skjedd. Eg og min kjære sambuar C har kjøpt vår første leilighet! 

Det er ikkje så lenge sidan vi begynte å sjå på leilighet igjen for morro skyld, og plutselig blei det alvor ut av det. Før vi viste ordet om det så hadde vi både fått lån og levert kjøpskontrakt til megler. 

Vi hadde i grunn gitt opp håpet om å kjøpe noko i nærmaste framtid sidan boligmarkedet er svært vanskelig for oss førstegongskjøparar utan rike foreldre. Men med 2 års sparing og hard jobbing fekk vi endeleg belønning. Og så klart med god støtte frå familien! ;-)

Alt skjedde så fort! På litt under ei veke med sjåing på forskjellige nye prosjekter hadde vi bestemt oss for å kjøpe. Og i morgon skal kontrakta signerast hos meglar! :-) 

Vi blir då stolt eigar av ein fin liten 2 roms leilighet på 47 kvm svært sentralt i Bergen! 


Dette blir ei spennande tid framover med mykje planlegging, idèar og fantasiar! :-)
Dokke er hjertelig velkommen til å følge vår boligdrøm! :-)
        
-A